Dobbelverk frå Færøyane

For første gong sidan Nordisk råds litteraturpris blei etablert i 1964, er ein forfattar nominert med to bøker som samla er eitt verk, begge gitt ut i 2022 på det vesle forlaget Ungu Førøyar. For dei som har eit hjarte for færøysk litteratur, bør det vere kjent at Marjun Syderbø Kjelnæs tilbake i 2013 også var nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris for romanen Skriva í sandin, på nynorsk i 2014 i omsetjing ved Lars Moa.

I 2021 var ho igjen nominert for ungdomsromanen Sum rótskot før ho i 2023 blei nominert til Nordisk råds litteraturpris, utan å få prisen, rett nok; han gjekk til Sverige. Kjelnæs kan likevel vise til fleire nasjonale og internasjonale prisar i eit forfattarliv som byrja i 2000, som omfattar barne- og ungdomsbøker, vaksenbøker, skodespel og filmmanus. Fire av bøkene finst på nynorsk ved Lars Moa, som sidan 2003 på imponerande vis har omsett 20 bøker frå færøysk til nynorsk.

Frigjering
Dobbelverket Karmageita og Jenterommet er ei diktsamling og eit kammerspel der ei kvinneleg forteljarstemme søker seg ut frå jenterommet og det innestengde mot noko opnare og friare, men for å greie det må ho ta eit oppgjer med kjønnsroller, religion og krefter som vil hindre den frigjeringa ho søker.

I Jenterommet – med undertittelen «ein eksistensiell horrorkomedie» – finn ein «Ho» innestengd saman med «Vesenet», mens «Mora» stadig bankar på døra. Det heile skjer i løpet av eit døgn, og på den tida når «Ho» fram til ei slags innsikt i kva jenterom gjer med dei som blir bura inne der. Kjelnæs vekslar fint mellom alvor og komikk, ordspel og dobbeltydingar er vovne inn i replikkane, og ho skriv fram ei lett klaustrofobisk stemning.

Femner vidt
I Karmageita er jenterommet meir som eit minne frå barndom og oppvekst, men samtidig ein realitet knytt til formødrene. Diktet «Sela» er ei vakker hyllest til bestemødrene, som også er til stades i andre dikt. Elles spenner dikta ganske vidt og botnar i eit samfunnsengasjement lesaren trur på.

Ofte er det nyhende frå BBC, CNN, Al Jazeera og andre kjelder som startar tankestraumar kring ei utvikling som trugar menneskeslekta i form av global oppvarming, plast i havet, rovdrift på ressursar, naturøydelegging, korallrev som blir knuste av trålarar; alt dette store og verdsomspennande som trugar kvardagslivet vårt. Desse dikta fører tanken mot både Harald Sverdrup og Rolf Jacobsen.

Gjennom heile diktsamlinga spring Chagalls geiter fram og tilbake, på bakken eller i lause lufta, og denne fascinasjonen for Chagall deler eg gjerne med Marjun Syderbø Kjelnæs. Med dette dobbelverket står ho fram som ein betydeleg færøysk forfattar, omsett til ei rekke europeiske språk.

img
  • Skrivað hevur | Oddmund Hagen
  • Dagfesting | 15.01.2024
  • Bólkur | Greinir